Norsk Folkemusikk- og Danselag
2009-08-24

Folkemusikk.no

Ny nettportal for folkemusikk

NFD og LfS har lansert ein ny nettportal for folkemusikk i Noreg. Portalen samlar organisasjonane sine tidlegare heimesider. Dette fører med seg at all informasjon om og frå NFD kjem på dei nye sidene.
2009-06-02

Innspel til statsbudsjettet 2010

Ei tiltakspakke for rytmisk musikk!


Etablering av ei digital innkjøpsordning for fonogram, auka tilskot til Regionale kompetansesenter og nettverk, styrking av støtta til musikarar og arrangørar, og ei samordning og styrking av arbeidet med norsk musikkeksport er nokre av satsingsområda til Samstemt for 2010.

2009-06-02

Få med deg INTRO-folk i sommar!

Intro_Folk_rgb

I sommar vert den tredje runden med INTRO-folk arrangert. Denne gongen er det seks unge folkemusikkartistar som skal kjempe om å bli årets unge folkemusikar. Dei seks utvalde artistane er Eplemøya Songlag, Marie Forr Klåpbakken, Filibuster, Kim André Rysstad, Nordafjells og Einar Olav Larsen Trio.

2009-06-02

Arbeid med nytt tidsskrift

Kvinten

Styra i LfS og NFD ønskjer å vurdere Spelemannsbladet og tidlegare Kvinten, og korleis eit nytt tidsskrift kan utviklast i samband med utviklinga på feltet. Eit utval er satt ned for å sjå på dette, og skal leggja fram ein rapport tidleg i juni. Rapporten vert grunnlaget for ei lansering av eit nytt tidsskrift.

2009-06-02

Tilbakemeldingar frå medlemene

Respons på omorganiseringa

logo_blå
Før årsmøtet i mars gjennomførte styret i NFD ein ringerunde hjå ein del av medlemene i samband med planane om å stifta ein ny organisasjon. Meiningane om planane og prosessen var mange, og styret fekk gode og nyttige innspel til det vidare i arbeidet.
2009-05-26

Felles styremøte i NFD og LfS våren -09:

Organisasjonskomité nedsett

BILDE-LOGO - ein ny felles folkemusikkorganisasjon_225px
På eit felles styremøte 23. april satt styra i NFD og LfS ned ein organisasjonskomité som skal utarbeide framlegg til føremål og rammeverk for ein ny organisasjon for folkemusikk og -dans. Dei første framlegga frå komiteen skal ut på høyring i slutten av juni.
2009-03-23

Årsmøte i Norsk Folkemusikk- og Danselag (NFD):

Intensjon om ny felles folkemusikkorganisasjon

logo_blå
På årsmøtet laurdag 21. mars fatta Norsk Folkemusikk- og Danselag eit intensjonsvedtak om å arbeide for å etablere ein ny felles organisasjon for folkemusikk og – dans i Noreg. Med dette har NFD mandat til arbeide vidare med omorganiseringa på folkemusikkfeltet.
2009-02-23

Last ned invitasjon og sakspapir

Årsmøte i NFD 2009

logo_blå
Det er igjen klart for årsmøte i NFD. Møtet finn stad på Håndverkeren kurs- og konfereansesenter i Oslo, laurdag 21. mars kl. 13. – 17. Her kan du lese invitasjon og sakspapir.
2009-03-05

Årbok for norsk folkemusikk 2008

Det har teke lang tid denne gongen, men no er ho klar, den tradisjonsrike Årboka, med rykande ferske artiklar. Norsk Folkemusikk- og Danselag har i alle år arbeidd mykje med Årboka, og det er derfor ei glede å presentere den nye utgåva for medlemmer og andre interesserte.

2009-03-09

Les artikkel på nett

Mellom myte og marknad

I artikkelen "Mellom myte og markand" skriv Ola K Berge om ulike syn på tradisjon og endring i folkemusikkmiljøet. Korleis oppfattar folkemusikarar i dag at musikken vert bruka, kva synest dei om ulike måtar å presentere musikken på og korleis vurderer dei si eiga rolle som sjølvstendig musikar kontra tradisjonsberar, er vesentlege spørsmål Berge søkjer å finne svar på i artikkelen.

Les artikkel: Mellom myte og marknad | av Ola K. Berge

(illustrasjon: Morten Stoltz Vernegg -  www.mortenvernegg.no)

Hurtiglenker

  • Printer friendlySkriv ut
  • Tip a friendTips en venn
  • Nettstedskart
  • Share on Facebook